Målbonanza då Hødd tok sin første bortesiger for sesongen

Hødd hadde berre tatt eitt poeng på bortebane i 2020-sesongen, men ein søndags ettermiddag på Eidsvold var det som skulle til for å bli kvitt bortekampspøkelset.

Skjermdump frå direktesendinga 

Nyhende

Hødd har den siste tida løfta seg etter ein seig start på sesongen, og stod før dagens kamp med to strake 2-0-sigrar høvevis mot Brattvåg og Alta. Men på bortebane har Hødd slite med å plukke poeng og dei blåkvite hadde totalt sett berre tatt med seg eitt poeng heim til Ulsteinvik denne sesongen. Søndag ettermiddag venta Eidsvold TF som har tapt tre kampar på rad og sleppt inn heile 16 mål på desse kampane. Skulle Hødd endeleg klare å knekke bortebanekoden?