Krev at ministeren grip inn mot Kongsberg Maritime

Nyhende

Per Vidar Kjølmoen (Møre og Romsdal Arbeidarparti), Hanne Notøy (Ulstein Arbeidarparti) og Bjørn Prytz (Herøy Arbeidarparti) seier ei pressemelding at nedlegging av maskineringsavdelinga til Kongsberg Maritime var det siste dei trong no. Dette meiner dei næringsminister Iselin Nybø frå Venstre må ta tak i.


Meiner Kongsberg Maritime går for ei styrt nedlegging av maskineringsavdelinga i Ulsteinvik:

- Dette var det siste vi trengde, positiviteten er erstatta med uro

Klubbleiarane blant dei tillitsvalde ved Ulsteinvik-avdelinga er sterkt kritiske til at mange lokale arbeidsplassar no kan forsvinne.



Administrerande direktør Egil Haugsdal:

- Eit typisk eksempel på produksjon som vi er tente med å setje ut

Kongsberg Maritime-direktøren seier til Vikebladet Vestposten at det er endringane globalt som gjer at ein må tilpasse drifta ved avdelinga i Ulsteinvik framover.


- Maritim sektor har skapt enorme verdiar for Norge. Gjennom tiår har dei skapt grunnlag for eit av verdas beste velferdssamfunn. No er det maritim sektor som treng oss, argumenterer dei.

Dei viser til at koronapandemien har gjort at deler av bransjen har stoppa opp. Då meiner dei det er politikarane sin jobb å sette i verk tiltak så hjula kan haldast i gong inntil situasjonen er normalisert.

- Ein må gjere det ein kan for å unngå tap av norske industriarbeidsplassar. Det gjeld også dei som arbeider ved maskineringsavdelinga til Kongsberg Maritime, skriv dei.



Dei meiner at det minste næringsministeren kan gjere er å setje seg saman med leiinga og tilsette for å drøfte om det er mogleg å berge desse arbeidsplassane på Sunnmøre.


– Vrakpant på skip kan gi fleire jobbar

Fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet meiner at regjeringa sine tiltak for å hjelpe verftsnæringa gjennom den pågåande krisa på langt nær er nok.


Dei tre arbeidarpartipolitikarane meiner det finst fleire verkemiddeln ministeren kan bruke om den politiske viljen er til stade.