WestAuto vil bli ein større turarrangør – har fått støtte frå næringsfondet i Ulstein:

– Vi meiner dette er den rette tida å satse i

Sommaren 2020 skulle bli tidenes sesong for WestAuto – men det sette koronapandemien ein stoppar for. No nyttar i staden selskapet situasjonen til å satse på ei utviding av tilbodet.

Spent på framtida – og satsinga: Dagleg leiar i WestAuto, Knut Are Sundgot (bildet), står her mellom seteradene i ein av dei store bussane til selskapet. WestAuto fekk nyleg godkjend ein søknad om midlar frå Ulstein kommune sitt næringsfond, som selskapet skal nytte til å utvikle tilbodet sitt vidare. Og det medan koronapandemien framleis pregar verda.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Eit samrøystes Ulstein formannskap gjekk inn for kommunedirektøren si tilråding om å løyve 150.000 kroner frå næringsfondet til Saunesmarka-baserte WestAuto. Tilskotet vil utgjere 50 prosent av dei godkjende kostnadane, og vedtaket blei gjort på vilkår av fullfinansiering. Med det er også saka ferdighandsama.