Ulsteinvik barneskule

Oppstarten litt forseinka

Aage Christensen trur at den nye delen av Ulsteinvik barneskule er klar til innflytting neste haust.

Barneskulen: Austfløya blir ikkje kvit som på biletet, men lysegrå. Og det blir solceller på taket på den nye delen til Ulsteinvik barneskule. Teikning: Sporstøl Arkitekter AS. 

Nyhende

Stian Lehmann Scheide (Høgre) stilte på sist kommunestyremøte spørsmål om framdrifta på utbygginga av Ulsteinvik barneskule. Han ville vite at det stemmer at grunnarbeidet blir dyrare enn budsjettert. Han hadde også høyrd at byggjestarten er forseinka. Og han meiner bør få månadlege rapportar om korleis det går med prosjektet.