Regjeringa innfører ekstra omsorgsdagar dersom skulen blir stengd

Regjeringa innfører ei eiga ordning for foreldre som har brukt opp kvoten med omsorgsdagar, dersom skulen eller barnehagen til barna blir stengd.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier foreldre som har brukt opp omsorgsdagane sine, vil få fleire dagar dersom skulen eller barnehagen blir koronastengd.   Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Nyhende

– Vi innfører ekstra omsorgsdagar, eller sjukt barn-dagar som folk flest kjenner det som, ved lokale utbrot, dersom skular og barnehagar må stengje, sa arbeids- og inkluderingsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på ein pressekonferanse tysdag.

–Lokalt kan det bli behov for å stengje heile skular. Det kan bety at nokre foreldre har brukt opp den nye kvoten som vart innført 1. juli. Regjeringa innfører derfor ei eiga ordning der foreldre får omsorgsdagar ved behov, under føresetnad av at kvoten er oppbrukt og skulen blir stengd, sa Isaksen.

Retten til omsorgsdagar vart utvida i vår og justert i sommar. Alle foreldre har fått full årskvote for siste halvår av 2020 (frå 1. juli til 31. desember). Denne kvoten må brukast opp først. Dersom det kjem lokale utbrot og stengingar etter at kvoten er brukt opp, får foreldre fleire omsorgsdagar.

– Samtidig er det viktig at både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er fleksible i den situasjonen vi er i no. Mange foreldre har moglegheit til å jobbe heimanfrå og endå fleire har moglegheit til meir fleksibel arbeidstid. Flest mogleg som kan jobbe heimanfrå, bør nytte seg av det, seier Isaksen.