Tek del i sorga

Døden kjem i mange ulike variantar. Som prest har Lars Hartig-Tangedal møtt det meste.

I fjor sommar starta Lars Hartig-Tangedal som sokneprest i Hareid sokn.  Foto: Linda Eikrem

Her i kyrkja er det lov å snakke sant om livet

Nyhende

– Eg er ikkje redd for å gå tett innpå andre menneske, anten det er i glede eller sorg. Når eit liv tek slutt, kan eg kjenne tyngda av sorga til dei som sit att, seier Hartig-Tangedal.