Nytt smittetilfelle i Ulstein

Nyhende

Fredag melder Ulstein kommune om eit nytt tilfelle av koronasmitte er påvist hjå ein person som bur i kommunen.

Ifølgje Ulstein kommune sine nettsider har personen blitt smitta utanfor Møre og Romsdal og har sidan vore i isolasjon.

Det har blitt gjennomført over 1500 koronatestar i Ulstein kommune. Sist det vart påvist positivt smittetilfelle var 20. august og før dette hadde det ikkje blitt påvist smitte i Ulstein kommune sidan tidleg i april.