Tid å hauste inn i barnehagen

– Det er langt enklare å få born til smake på ny mat når dei får plukke det rett frå greina eller jorda, i staden for å få det servert på eit fat, fortel Hjørdis Nygjerde-Djupvik i Blåtinden barnehage i Haddal.

Visjonen vår er aktiv, sunn og lukkeleg barndom.

Hilde Valland
Nyhende

Ute regnar det stritt. Inne i barnehagen sit det to born og kuttar opp eple med kvar sin kniv. Eplebitane blir putta oppi ein jusmaskin, som lagar eplejus som alle borna får smake på til lønsjen. Barnehagelærar Silje Larsen seier at epla er søte nok i seg sjølve, dei puttar ikkje sukker i jusen. Ho legg til at det dessutan er mykje fiber i jusen.