– Svært uheldig at nokon gjer dette

Eiksundtunnelen var stengd ei stund søndag kveld, etter det 110-sentralen kallar pøbelstrekar.

stengt: Eiksundtunnelen blei stengt like før klokka 22 søndag kveld – på grunn av at eit brannsløkkingsapparat var fjerna. Tunnelen opna for trafikk igjen 22.08. Foto: Tipsar. 

Det er svært uheldig at nokon gjer slikt. Slikt kan ikkje skje ved eit uhell, dette er gjort med vilje

Nyhende

– Det var nokon som hadde flytta på eit brannsløkkingsapparat og også teke av røyret på naudtelefonen, fortel Arnfinn Klausen, operatør på 110-sentralen i Møre og Romsdal.