TV-aksjonen

Etterlyser digitale bøssebærarar

I fjor hadde Ulstein kommune 80 bøssebærarar under TV-aksjonen. I år har dei berre ti, men dei ønskjer seg fleire.

Komiteen: Bennie Hansen, Stian Lehmann Scheide og Kari Marie Øvrebøe oppmodar lag og organisasjonar til å ha ryddedugnader i fjøra. Dei som er interesserte kan kontakte varaordføraren, så tar han kontakt med SSR som stiller med container. Dei håper også at fleire registrerer seg som digital bøssebærar på blimed.no. – Om dette skal bli ein suksess er me avhengige av at alle er med på dugnaden, seier dei. Komiteen er klar over at ikkje alle kan betale med vipps. Dei oppmodar dei som vil gje eit bidrag, men som ikkje er så digitale av seg, til å be nokon dei kjenner om hjelp.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Av smittevernomsyn blir det ikkje tradisjonell bøssebæring i år under årets TV-aksjon. All pengeinnsamling vil gå føre seg digitalt. Det vil seie at komiteen treng ikkje folk til å ringje på alle husdørene i kommunane, men den ønskjer seg fleire innbyggjarar som registrerer seg som digital bøssebærar.