Vil lage fellesskap

Perny Austnes (65) er i ferd med å oppfylle noko ho har drøymt i årevis.

Dersom Perny Austnes får det slik ho har tenkt, skal det lagast eit bufellesskap på garden Plassen på Gåsneset. – Det skal setjast opp ni bueiningar, og eg håper at menneske i alle aldrar har lyst til å bu her. Der bustadhuset no står, skal det setjast opp eit felleshus med mellom anna stort kjøkken og stor arbeidsstove. Foto: Linda Eikrem 

Det må vere fantastisk for born å vekse opp i eit slikt fellesskap, saman med vaksne som har tid til å lytte og lære frå seg

Nyhende

– Eg har køyrt og sykla forbi her mange gongar, det er verdas finaste plass. Så eg gler meg til alt denne staden kan gje meg og dei andre som skal bu her, seier Perny Austnes.