Alle nærkontaktane er testa

testing: Herøy kommune vil no intensivere testinga for å spore smittekjelda. (illustrasjonsfoto)  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Herøy kommune har framleis ikkje funne kjelda for at ein ungdom i Herøy har blitt smitta av koronaviruset.



Dei har i dag testa alle 21 nærkontaktane ungdomen har vore i kontakt med. Dei har også re-testa den smitta. Dei ventar svar på desse prøvane tysdag 13. oktober. Nærkontaktane sit i karantene til dei har fått negativt svar.

Dei fleste nærkontaktane er elevar fordelt på skular, mellom anna Ulstein vgs. Skulane har bestemt seg fo rå halde fram med vanleg drift.



Sidan dei framleis vi ikkje har funne kjelda for smitten oppmodar smittevernoverlegen i Herøy at alle som kjenner på det minste symptom av sår hals, forkjøling eller snue, bestiller seg time for testing.

Dette kan dei gjere over nettet på Herøy legesenter eller Myrvåg legesenter. Det vert utført testar alle kvardagar.

- At så mange som råd testar seg vil vere svært nyttig for å avdekke om me har pågåande skjult smitte i kommunen slik at ytterlegare tiltak kan settast i verk, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding.