Kvifor engasjere seg?

kommentar

Engasjement: Eit av mange prosjekt eg som ungdom har fått vere med på å utvikle. Kåringa av Saunesparken som Norges beste uterom. 

Nyhende

Sjå for deg ei 12 år gammal jente, ho har akkurat starta på ungdomskulen i 8.klasse. Ho brenn for fotballen, og legg att mange timar på fotballbana. Ho er litt beskjeden og vil ikkje ta for mykje plass, samtidig som ho prøvar å passe inn. Ein dag er det nokon frå Ungdomsrådet som kjem på ungdomskulen og fortel at dei søker etter nye medlemmar. Ho har aldri vore populær nok til å bli valt inn i elevråd eller liknande, men tek likevel sjansen og sender inn ein søknad.