Stenger Selvågtunnelen måndag kveld

Selvågtunnelen vert stengd måndag kveld på grunn av brannøving.  Foto: Linda Eikrem

Olav Amund Myklebust  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Selvågtunnelen på fv. 653 vert stengt ein times tid mellom klokka 20 og 21 i kveld måndag. I tillegg vert det kolonnekøyring mellom klokka 19 og 20 og frå klokka 21 – 22. Årsaka til dette er ei øving der personell frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Hareid og Ulstein brannvesen tek del.

– I samband med øvinga skal vi teste den nye mobile vifta som kom på plass no i sommar og som er stasjonert i Myrvåg. Den skal kunne nyttast i dei tunnelane på ytre søre som er utan ventilasjonsanlegg, fortel brannvernsleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vifta er montert på ein hengar og kan fraktast rundt til dei aktuelle tunnelane ved behov. Under øvinga måndag kveld vert det nytta kunstig røyk.

– Det vert ikkje høve til å køyre rundt Aursneset medan tunnelen er stengt, til det er vegstandarden for dårleg, opplyser Myklebust.

Ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal Fylkeskommune vert tunnelar over 500 meter er definerte som særskilde brannobjekt etter forskrift om brannførebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal vere jamlege øvingar med naudetatane.

Fylkeskommunen gir trafikantane følgjande råd i tilfelle brannutbrot i tunnelar:

Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom.

Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.

Om du lausnar eit brannsløkkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.

På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.

Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.

Forsøk å varsle møtande trafikk.