Tertialrapporten for Ulstein kommune viser eit markant negativt avvik:

– Spriket mellom gjeld og inntekt hadde vore stort, også utan Kleven-konkursen og pandemien

Ulstein skil seg ut: Økonomileiar Steinar Nummedal peikar her på Ulstein kommune på diagrammet som viser korleis dei ulike kommunane ligg an når det gjeld inntekter samanlikna med gjeld. Av dei kommunane med tilsvarande eller høgare rente- og avdragskostnader per innbyggjar – er Ulstein den kommunen som har dei lågaste frie disponible inntektene per innbyggjar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Det som blir spanande er å sjå kor mykje av tapa vi får ytterlegare kompensert frå sentralt hald. Det er ikkje mogleg å vite per no, men vi håper sjølvsagt at vi får meir

Steinar Nummedal, økonomileiar i Ulstein kommune
Nyhende

Koronapandemien og Kleven Verft-konkursen har hatt ein viss påverknad på ein allereie utfordrande kommuneøkonomi – men økonomileiar Steinar Nummedal seier hovudutfordringane hadde vore der uavhengig av dette.