Grunnleggande usemje i sluttprosedyrane

Dei tre advokatane i Øvrelidsaka, frå venstre Reidar Andresen (Ulstein kommune), Mette Yvonne Larsen (Øvrelidsøskena) og Sverre Larhammer (Hareid kommune).  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Dei tre advokatane i Øvrelidsaka heldt sine sluttprosedyrar i Sunnmøre tingrett onsdag ettermiddag. Fem søsken har saksøkt kommunane Ulstein og Hareid for manglande inngripen etter barnevernlova, etter at dei vart utsette for mishandling og overgrep i oppveksten. Søskena er i dag mellom 54 og 64 år gamle.