AP-leiaren møtte Rune Erik, ein av mange som er råka av krisa i den maritime næringa:

– Det vi treng er jobb

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre var torsdag på besøk heime hos Rune Erik Nilsen (54), som for tida er femti prosent permittert frå jobben sin i Ulstein Design & Solutions.

Politikarbesøk i heimen: Rune Erik Nilsen som er femti prosent permittert frå stillinga si i Ulstein Design og Solutions. – Det å høyre historiene bak tala er sterkt og viktig sa Støre etter å ha lytta til Rune Erik Nilsen. 

Nyhende

– Som permittert eller oppsagd går ein jo og kjenner på ein viss form for redsel. Kva skjer framover? Ein er redd for arbeidsplassen sin, eller om ein finn seg ny jobb. Og – kva skjer med livet vårt og måten vi lever på, i framtida. Eg håper opposisjonen no kan ta eit skikkeleg tak, når regjeringa vår ikkje gjer det, sa Rune Erik Nilsen til Vikebladet Vestposten i høve besøket til Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre.