Testa positivt på koronatest

  Foto: CENTERS FOR DISEASE CONTROL AND PREVENTION

Nyhende

Ein utanlandsk arbeidar som er komen til kommunen, har fått positivt svar på koronatesten.

Det melder Ulstein kommune på sine nettsider.

Vedkomande har vore i innreisekarantene og er no i isolasjon. Reisefølget til vedkomande sit i karantene.

I Ulstein er det no utført 1974 testar i følgje kommune si oversikt. Av desse er det 17 som har gitt postitivt resultat. Dette gjeld ti personar som bur i Ulstein, to personar som har reist til Ulstein for å jobbe, to personar som bur i Hareid og tre personar som bur i Herøy. I tillegg er det registrert smitte hos ein person som er folkeregistrert i Ulstein, men bur og er testa ein annan stad