– Ver ærleg om synet ditt på rusbruk

Ver ærlege: Andreklassingane ved Ulstein vidaregåande skule vart oppmoda til å vere ærlege overfor foreldre og føresette når det gjeld sitt tilhøve til rusmiddel. 

Nyhende

Ingen av elevane rekte opp handa då kommunepsykolog Tomas Myklebust lurte på om det var nokon som hadde prøvd cannabis. – Eg forstår det, dersom de ikkje vil fortelje det. Cannabis er eit ulovleg narkotisk stoff, sa kommunepsykologen.