Litt om folketru på Hareidlandet

På Hareidlandet finst det segner om troll, bokkjer, huldra og nykkjen, men også spesielle historier.

Nøkken: Theodor Kittelsen si skildring av nykkjen, ein uhyggeleg skapning som også skal vere observert i Myrkevatnet mellom Moldskred og Løset. Biletet er utlånt av Nasjonalgalleriet 

Nyhende

Segner kan fortelje om underlege ting i naturen. Ein særmerkt fjellformasjon kunne vere eit troll. Segner er også knytt til særskilde hendingar. Segna kan skifte bunad og tilpasse seg nye tilhøve. Ho kan vandre frå bygd til bygd. I denne artikkelen har eg gjort eit lite utval av segner og historier frå Hareidlandet.