Hareid i landstoppen i gjevarglede

Inntektene frå årets tv-aksjon går til tiltak for å få vekk plasten i havet.   Foto: Jamie Lamb/Getty Images/Tv-aksjonen

Nyhende

Fredag kveld kunne informasjonsmedarbeidar i Hareid kommune, Erlend Friestad, melde på facebooksida Nye Hareid at innbyggarane i kommunen låg på niande plass mellom dei kommunane med størst gjevarglede i samband med årets TV-aksjon, "Et hav av muligheter". Laurdag formiddag hadde Hareid gått ned på ein tiandeplass, og låg inne med eit snitt på 30,48 kroner per innbyggar rundt klokka 12.00 laurdag.



Pengane frå årets TV-aksjon vil gå til WWF sitt arbeid for å bli kvitt plasten i havet. I følgje WWF havnar åtte millionar tonn plast i havet kvart einaste år. Ein fjerdedel av plasten kjem frå Søraust-Asia og pengane frå aksjonen vil verte øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.



- Vi som har ambisjonar om å leve av havet må også vere flinke til å ta vare på det, skriv Friestad og rosar med-hareidingane sine for innsatsen. Det er per no 30 digitale bøsser i sving i Hareid.


TV-aksjonen

Etterlyser digitale bøssebærarar

I fjor hadde Ulstein kommune 80 bøssebærarar under TV-aksjonen. I år har dei berre ti, men dei ønskjer seg fleire.


Ulstein har ikkje tilsvarande resultat å syne til.

Klokka 12.00 laurdag var det i Ulstein registert 17,84 kroner per innbyggar, fordelt på 29 digitale bøsser.