Mange i Ulstein vil vaksinere seg

Timebestilling: Smittevernlege i Ulstein, Michael Dahl, kan melde om stor interesse for årets influensavaksine. Foto: Linda Eikrem 

Nyhende

Måndag denne veka opna Ulstein legesenter for at personar i risikogruppene kunne ringje og bestille time for influensavaksine. Smittevernlege Michael Dahl kan melde om stor interesse for å vaksinere seg.