- Eg er svært overraska

Ottar Kaldhol er leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Det er mykje som overraskar meg i denne saka, seier Arbeidarpartipolitikar og representant for pensjonistlaget i Ulstein, Ottar Kaldhol. Han er leiar i fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein, og siktar til tilsynsrapporten frå Fylkesmanne. Tilsynet undersøkte om Ulstein kommune krev rett betaling av dei som bur på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter.