Tilsynsrapporten

– Rutinar skal også følgast

Tysdag fekk Ulstein formannskap ei orientering om tilsynsrapporten som avdekker at bebuarar kan ha betalt for mykje for langtidsopphald.

Kommunalsjef: Kommunalsjef Marit Botnen sa at det er mykje skjønn når dei reknar ut betaling for langtidsopphald, men når dei styrer med pengane til folk skal det vere rett. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Kommunedirektør Verner Larsen lurte på om dei burde lukke saka, sidan det er opplysningar i rapporten som er unnateke offentleg innsyn. Men det meinte ordførar Knut Erik Engh at ikkje var naudsynt. Dei kunne greie å snakke om denne saka utan å kome inn på opplysningane som var sladda. Jau, det var Larsen samd i. Og om dei måtte kome inn på dei opplysningane, kunne dei eventuelt lukke møtet då.