Vil ha "Stikk UT!" til Hareid

Ordførar Bernt Brandal (Folkelista) svarer her Anja Holstad på innspelet om å få den populære "Stikk UT!"-ordninga til Hareid kommune.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

I forkant av dei politiske sakene under kommunestyremøtet i Hareid torsdag, gjekk Anja Holstad på talarstolen. Det gjorde ho for å oppmode kommunestyrepolitikarane i Hareid om å få den populære "Stikk UT!"-ordninga til kommunen.