Kommunestyre i Ulstein torsdag

Torsdag er det møte i Ulstein kommunestyre. Møtet blir gjennomført på Sjøborg.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Torsdag er det klart for haustens andre kommunestyremøte i Ulstein. På saklista denne gongen får politikarane mellom anna ei oppdatering på økonomien i kommunen, ei sak om overtaking av Almejordet barnehage, i tillegg til ei referatsak der fylkesmannen sin endelege rapport om tilsyn med utrekning av eigendel for langtidsopphald i institusjon skal opp.