Bell kan bli årets fritidsklubb

Ungdomsklubben Bell er ein av tre nominerte som årets fritidsklubb/ungdomshus.   Foto: Jorulf Myrene/Arkiv

Nyhende

Ungdomsklubben Bell er ein av tre finalistar til Ungdom og Fritid si kåring av årets fritidsklubb/ungdomshus. Onsdag vart Bell presentert som finalist saman med Ungdomskulturhuset Plan B frå Lillehammer og Radio Harstad i Harstad.

Prisen er ein av tre prisar som blir delt ut under Ungdom og Fritid si Landskonferanse, som blir arrangert denne veka. Vinnarane av dei tre prisane blir offentleggjort torsdag.