Lokale lag og organisasjonar har fått nær 3 millionar i krisestøtte

Hødd Fotball er den lokale organisasjonen som har fått mest kompensasjon frå krisepakkane til det frivillige, men på ingen måte åleine.

Sunnmøre Folkehøgskule: Ser ein vekk frå Hødd er det Stiftelsen Sunnmøre Folkehøgskule som har fått mest i krisestøtte blant lokale lag og organisasjonar. 

Nyhende

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om at IL Hødd Fotball har fått tilslag på om lag 1,2 millionar kroner i kompensasjon for avlyste eller utsette arrangement. Hødd Fotball søkt om ytterlegare kompensasjon i den tredje krisepakken og kan kome opp i om lag 2 millionar kroner fordelt på tre krisepakkar.