Blei den første skulen i kommunen til å få Grønt flagg-sertifisering:

Heisa det grøne flagget for Bigset skule

Som den einaste skulen i Hareid kommune har no Bigset skule eit eige sertifikat og flagg som synlege bevis på at elevane og lærarane har eit særskilt fokus på klima og miljø.

Heisa det grøne flagget: Lærar Solveig Husby (t.v.) og rektor Vivian Johansen tok på seg oppgåva med å heise det flotte grøne flagget, som viser at Bigset skule er den første skulen i Hareid kommune som har Grønt flagg-sertifisering.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Det er ein heilt fantastisk jobb de har gjort

Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune
Nyhende

Måndag morgon var alle elevane og dei tilsette ved Bigset skule, i tillegg til fleire spesielt inviterte gjestar – på plass for å markere at skulen har fått Grønt flagg-sertifisering.