Ahlsell Ulsteinvik på plass i nye salslokale i Smårisevadet:

– Eit bygg som er godt tilpassa våre behov

Ahlsell Ulsteinvik satsar vidare i nytt, totalrenovert bygg – og lanserer eit eige «drop point», eller hentepunkt – for å tilby kundane sine eit betre tenestetilbod.

Team Ulsteinvik: Her ser ein dei tilsette ved Ulsteinvik-avdelinga til Ahlsell – minus Frank Grimstad, som ikkje var til stades då bildet blei tatt. Frå venstre ser ein Lidun Ertesvåg, Ole-Kristian Haugen, Jartrud Nevstad, Nils Gunnar Toftesund, Roy Mikal Dalen Werkland, Caroline Overvåg, og Jon Arne Eikrem. I bakgrunnen ser ein bygget Ahlsell har flytta inn i, «Rome 4»-bygget i Smårisevadet i Saunesmarka.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Vikebladet Vestposten møtte torsdag Jon Arne Eikrem, Ahlsell sin salssjef for maritim industri – og Roy Mikal Dalen Werkland, seljar innan VA-området, til ein prat. Dei og seks andre kollegaer i Ahlsell Ulsteinvik har nyleg flytta inn i nyoppussa kontorlokale i det såkalla «Rome 4»-bygget i Smårisevadet i Saunesmarka.