Meiner HAFAST-planane set mykje på vent:

– Må ha to tankar i hovudet

Kristian Fuglseth (Folkelista for Hareid) meiner HAFAST og E39 sine tilhengarar også må arbeide med tilkomstane til sjølve kryssinga over fjorden. Gjer dei ikkje det vil innbyggjarane sin velvilje til prosjektet forvitre.

Fuglseth: Kristian Fuglseth vil ikkje røyste imot at Hareid kommunestyre skal løyve 50 000 kr til aksjar i HAFAST, men han forventar at dei også ser på tilkomsten til fjordkryssinga, ikkje berre arbeider med dei tekniske utfordringane for å kome seg over fjorden.  Foto: Arkiv.

Nyhende

Kristian Fuglseth har lang fartstid i Hareidspolitikken og har opp gjennom åra vore på mange politiske møte. Han fortel at dei ofte har kome til det at ei av dei største utfordringane Hareid har som bukommune er trafikkflaskehalsen gjennom Hareidsdalen, og dette er ikkje nok dei grip fatt i, for dei ventar på Hareid Fastlandssamband. No er han redd innbyggjarane byrjar å miste tolmodet. Om Hareid kommunestyre torsdag løyver 50 000 kr for å utvide aksjekapitalen i HAFAST, følgjer det ein del forventningar med det vedtaket.