Einingsleiar for lensmannskontora på Sunnmøre orienterte om nærpolitireforma:

Ny lensmann for Ulstein og Hareid på plass like over nyttår

Orienterte om nærpolitireforma – og avslørte at ny lensmann for Ulstein og Hareid kjem på plass over nyttår.

Orienterte formannskapet: Oddbjørn Solheim (t.h.), einingsleiar for politiet sine lensmannskontor i geografisk driftseining Sunnmøre - i samtale med lensmann Tor Sæther og ordførar Knut Erik Engh.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Oddbjørn Solheim, opphavleg frå Skeide, er einingsleiar for politiet sine lensmannskontor i geografisk driftseining Sunnmøre. Tysdag orienterte han formannskapet i Ulstein om nærpolitireforma – og korleis arbeidet med den har utvikla seg.