Opnar krysset for trafikk

Krysset frå Strandgata ved Helsehuset har vore stengt, men er no opna for trafikk igjen.  

Nyhende

Krysset mellom Strandgata og Kvisla i Hareid sentrum er no opna for trafikk igjen. Den siste tida har trafikkantane vore nøydde til å køyre inn borte ved T.Riise-butikken som følgje av arbeidet med Helsehuset i Hareid.

På Hareid kommune sine nettsider går det fram at den mellombelse avkøyringa mot nord vil vere stengt fram til ein skal starte arbeid utanfor Spar og T. Riise, men dette skjer truleg ikkje før over nyttår.

Kommunen vil i første omgangen konsentrere seg om å få ferdig mesteparten av området rundt Helsehuset og Solstrandbygget fram mot nyttår. Kommunen melder også at Kjøpmannsgata framleis vil vere stengt forbi Helsehuset.