Ulstein formannskap:

Tilrår kjøp av Hafast-aksjar - men for noko mindre enn føreslått

Varaordførar Stian Lehmann Scheide (midten) føreslo at Ulstein kommune kjøper aksjar i Hafast for 75.000 kroner. Framlegget fekk fleirtal i formannskapet. 

Nyhende

I sakspapira til formannskapsmøtet tysdag kunne ein lese at kommunedirektøren meiner Hareid fastlandssamband (Hafast) er eit viktig samferdselsprosjekt for regionen og for Ulstein kommune.