Lag og organisasjonar kan få støtte til inkludering

Illustrasjonsfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Bufdir har lyst ut midlar gjennom «Nasjonal tilskotsordning for inkludering av born og unge». Både Ulstein kommune og Hareid kommune har meldt seg på ordninga. Det gjer at både kommunale instansar, frivillige lag og organisasjonar og andre kan søke om midlar.

Kommunane har sendt ut brev om dette til ulike frivillige lag og organisasjonar om at dei kan søkje på desse pengane. Søknadsfrist er 4. desember.

Alle som jobbar med born og unge blir oppmoda om å vurdere om dei har prosjekt som kan kome inn under tilskotsordninga, og om å søkje om tilskot. Etter alle søknadene er komne inn vil kommunane prioritere kva søknader dei sender til Bufdir.


For søknadsskjema og meir info, sjå https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/