Virke spår rekordmange pakkar under juletreet i år

Julenissane i landet går truleg travle tider i møte. Julehandelen i år vil slå alle rekordar, trur Virke.

Jula i år kan bli historisk, med ein julehandel som slår alle rekordar, spår Virke.   Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nyhende

Julehandelsprognosen for i år, som er utført av Kvarud Analyse på oppdrag for Virke, anslår at nordmenn kjem til å handle for 57 milliardar kroner i november og 63 milliardar i desember. Det svarer til ein auke på 10,5 prosent frå i fjor.