Ulstein formannskap diskuterte budsjettet for 2021:

– Vi må gjere noko med gjelda vår

Det er ingen tvil om at politikarane i Ulstein har god forståing for at det må gjerast omfattande grep for å kome i balanse i neste års budsjett.

Ulstein formannskap: Det blei som venta fleire som teikna seg på talarlista då økonomiplanen for 2021–2024 blei diskutert i Ulstein formannskap tysdag. Det er stor einigheit om at eigedomsskatten ikkje bør aukast – slik kommunedirektøren føreslår i sitt budsjettframlegg – men samstundes er det nok vanskeleg på noverande tidspunkt å sjå korleis ein skal unngå dette.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Tysdag var økonomiplanen for 2021 til 2024 oppe til diskusjon i formannskapet – og det var fleire av politikarane som hadde innspel og spørsmål. Først og fremst rundt budsjettet for 2021.