Hareid kjøper aksjar for 50.000 kroner i Hafast

Einar Jarle Måseide (t.v.) og Hallvard Sæverud, høvesvis kommunestyrepolitikarar for Folkelista og Kristeleg Folkeparti - blei valde til setjeordførar og varasetjeordførar i saka om Hafast-aksjane. Det fordi ordførar Bernt Brandal (Folkelista) og varaordførar Annika Brandal (Venstre) begge blei erklært ugilde i handsaminga av denne saka. Og - den oppgåva løyste dei erfarne politikarane godt.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Kommunestyrepolitikarane i Hareid handsama saka om aksjekjøp i Hareid Fastlandsamband AS i kommunestyremøtet torsdag - og etter fleire innlegg frå talarstolen gjekk politikarane samrøystes inn for å kjøpe 50 nye aksjar i Hafast for 50.000 kroner.