Mange kundar i Hareid råka av straumbrot laurdag

Nyhende

Uvêret som har kome frå midten av veka heldt fram fredag kveld, natt til laurdag - og det ruskar framleis godt ut på laurdags formiddag. Ved brannstasjonen på Hareid gjorde det seg utslag i at høgspentleidningar tvinna seg rundt kvarandre - og med det førte til straumstans for hundrevis av kundar på Bjåstad, Bigset, Hovden, Ulstein, Hjørungdal og Liaset.