Oppmodar kommunane til å kjøpe inn meir munnbind

Helsedirektoratet fryktar julehandelen kan påverka tilgangen på smittevernutstyr. No oppmodar dei kommunane til å tredoble bestillingane av munnbind.

Styresmaktene oppmodar no kommunane til å tredobla bestillingane av kirurgiske munnbind.   Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Nyhende

Det fortel NRK.

Grunnen er at julehandelen vil beslagleggje mykje containerkapasitet, noko som igjen kan gå ut over transport av smittevernutstyr, forklarer kanalen.

Gjennom ein eigen forbrukskalkulator for smittevernutstyr kan kommunane vurdere kor mange munnbind dei treng frå veke til veke.

For å unngå å få for lite smittevernutstyr i jula, blir kommunane no oppmoda om å bestille tre gonger så mange munnbind som forbrukskalkulatoren viser.