Hareid-ferja må gå til Solavågen - vegen på Sulesund opnar tidlegast måndag

Jordraset over fylkesvegen - like aust for Sulesund ferjekai.  Foto: Silje Aarflot.

MF «Hadarøy» og dei andre ferjene i sambandet Hareid - Sulesund må minst fram til måndag i staden gå frå Hareid til Solavågen - på grunn av jordraset like aust for ferjekaia på Sulesund natt til søndag.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Ferjesambandet Hareid-Sulesund blir inntil vidare omgjort til Hareid-Solavågen, etter at det gjekk eit jordras like aust for ferjekaia på Sulesund natt til søndag.

Turen frå Hareid til Solavågen tek rundt ein time.

Det melde Vegtrafikksentralen i Midt-Noreg på twitter.

Første tur frå Hareid gjekk klokka 02.30, medan første tur frå Solavågen var klokka 03.30.

Utover natta og søndagsmorgonen gjekk ferja frå Hareid klokka 04.30, 06.30, 08.30 og 10.30, og klokka 05.30, 07.30 og 09.30 frå Solavågen.

Ifølgje ei twittermelding frå politiet, gjekk jordraset ved Vindsneset, i nærheita av Sulesund. Vegen blir stengd inntil vidare, og det er ikkje mistanke om at nokon er tekne av raset.

Oppdatering klokka 09.56:

Grunna raset held ferja frå Hareid fram med å gå til Solavågen. Sambandet vil bli trafikkert med to fartøy. Det blir timesavgang frå begge sider frå klokka 11.30 søndag og utover.

Oppdatering klokka 10.46:

Vegen frå Sulesund blir ikkje opna søndag - på grunn av ustabilitet i rasområdet. Ei ny vurdering blir gjort måndag morgon. Ferja frå Hareid vil med andre ord halde fram med å gå til Solavågen - med behovsanlaup til fastbuande på Sulesund.

- Ikkje trygt å jobbe på staden

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort ei vurdering av skredet som stenger fv. 61 ved Sulesund ferjekai.

- Det går framleis steinsprang og det er ikkje trygt å jobbe på staden. Vegen blir difor ikkje opna i dag. Det blir gjort ei ny vurdering når det blir dagslys i morgon måndag. Det vil gå ferje mellom Solavågen og Hareid så lenge vegen er stengt. Informasjon om rutetider vil kome på nettsidene til FRAM, frammr.no. Det blir sett inn trafikkdirigentar på Solavågen ferjekai, skriv fylket i ei pressemelding.