Sparebank 1 Søre Sunnmøre blir Sunnmøre Golfklubb sin hovudsponsor:

- Saman skal vi løfte golfklubben til nye høgder

Tysdag denne veka formaliserte dei to partane samarbeidsavtalen, og det er allereie store planar på gang. Snart kan ein spele golf heile året, i ein eigen golfsimulator på klubbhuset – og populære footgolf blir også ein del av tilbodet på Hovden.

Hovudsponsor: Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ny hovudsponsor for Sunnmøre Golfklubb. Det blei markert med ein triveleg prat på klubbhuset til Sunnmøre Golfklubb tysdag. Frå venstre ser ein Karsten Sævik, nestleiar i styret i Sunnmøre Golfklubb – John Kåre Våge, Stig Brautaset og Lillian Kleven Breivik, høvesvis senior bedriftsrådgjevar, administrerande direktør og avdelingsbanksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre – og til høgre styreleiar i golfklubben, Oddhild Sandanger.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vore samarbeidspartnar med Sunnmøre Golfklubb både i 2019 og 2020 – men no blir samarbeidet dei imellom oppgradert til ein hovudsponsoravtale for dei neste tre åra.