Opna utstilling med Nix i Ålesund

Gallerist Hugo Opdal opna utstilling med Nix frå Broslo sist laurdag.

Ålesund: Kunstnaren Nix var sjølv til stades under opninga i Ålesund. TV2 var der og filma til ein serie om Nix og Broslo som blir sendt på nyåret. Foto: Hugo Opdal 

Nyhende

Opdal har samarbeidd tett med kunstnarduoen Broslo over fleire år. – Dette er gutar på full fart framover i kunstverda, og kunstsamlarane har byrja å kjøpe dei, seier han til Vikebladet Vestposten.