Overraska Frivilligsentralen og Bell ungdomsklubb med 800.000 kroner:

– Vi er stolte av det vi har fått til i "annleis-året" 2020

Berit Lyngstad i Gjensidigestiftelsen hadde tysdag med seg ein stor sjekk – som skal gå til arbeidet med fornying av Skollebakken aktivitetshus, både inne og ute.

Glad gjeng: Frå venstre ser ein Berit Lyngstad i gåveutvalet i Gjensidigestiftelsen, Henrikke Antonsen i MOT og ungdomsrådet, lærling Rebecca Hareide Vartdal, ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Marie Flatin, Inger Anne Dimmen, dagleg leiar ved Ulstein Frivilligsentral, Amanda Osnes Låbakk i MOT og ungdomsrådet, Vedrana Terzic, prosjektmedarbeidar i "Ung Arena" og Annika Brandal, kulturkonsulent i Ulstein kommune.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

I midten av desember 2019 troppa Berit Lyngstad i gåveutvalet i Gjensidigestiftelsen opp på Ulstein Arena med ein sjekk på 1,47 millionar kroner – som skulle nyttast til å vidareføre prosjektet "Ung Arena". I 2018 på same tid gav Gjensidigestiftelsen nemleg 1,3 millionar kroner, som gjekk til å starte opp prosjektet.