Nye lodd og nye sjansar

Går vi inn i eit nytt år med nye lodd og nye sjansar eller er det berre mørke truande skyer i ein allereie grå horisont? Svara på dette er nok like mange, nyansert og sprikande som talet på innbyggarar.

Mykje spanande på gang: – Det er ein spanande driv i Hareid, helsar ordførar Bernt Brandal. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll 

Nyhende

Klima, vaksine, økonomi, arbeidsplassar eller omstilling. Det er berre å tenkje på eit ord eller ei frase så passar det med ein eller annan si forventning til det komande året. Fakta er likevel at utan handling skjer det ikkje noko som helst.

Kompleksiteten og talet på scenario er uendelege – kvar einskild si tilnærming, haldning og handling er ei lita rørsle som påverkar korleis det vert – sjølv det å ikkje gjere noko har innverknad. Summen av nøytrale, positive eller negative handlingar vil vere avgjerande for korleis vi utviklar oss lokalt, nasjonalt og i verda.

Vi bur i eit distrikt som står og har stått for eit betydeleg bidrag til velferdssamfunnet og det har vore underordna for oss om andre forstår dette eller ikkje. Vi må fortsatt ha ein kommune som er i stand til å gi innbyggarane trygge og gode tenester på vegner av velferdsstaten og vi må ha eit næringsliv som har like gode rammer som i landet elles.

I Hareid har vi eit variert og spanande næringsliv med kompetanse i verdsklasse tufta på innbyggarane sitt harde arbeid og erfaringar opparbeidd gjennom generasjonar. Desse må få høve til å omstille og vidareutvikle seg og det må leggast til rette både lokalt og nasjonalt for at dei skal lukkast med det.

Det vi har, og det som har vore, er viktig, men utan omstilling og nytenking stoppar alt opp og visnar. Det kan vere vanskeleg å akseptere at noko som har vore bra i lang tid, ein eller annan gong må endrast eller erstattast, men i mange tilfelle er det naudsynt.

Samspelet mellom næringsliv, kommunen og innbyggarane er basis for vidare utvikling. Det handlar om å skape verdiar som er store nok til å dekke kostnadane og tilpasse utgiftene til inntektene, både for einskildpersonar, familiar, bedrifter og kommunen.

Eg trur at 2021 vert eit år med nye lodd og nye sjansar, men at vi må halde styrefart og gjere nokre kursendringar for å kome rundt dei mørkaste skybankane. Køyrer vi rett på, er eg redd der både er grunnar og skjer.

Det er mange spanande prosjekt på gang nokre på idéstadiet og andre nesten ferdige. Det er ein spanande driv i kommunen som mange misunner oss og den må vi halde i gang.

Kommunen vår har eit stort potensial til å utvikle seg positivt. Vi har ledige hustomter, og vi skal få fleire. Vi har ledig industriareal, og vi har kompetente innbyggarar som både vil og kan. Vi har flott natur og gode naboar. Hareid ligg sentralt til nær den største flyplassen i fylket. Vi er eit viktig knutepunkt mellom to byar, ligg ved porten til verdsarvfjorden og har kystlina til eit fullskala maritimt testområde. Dei naturgitte føresetnadane er på plass.

Vi vil ha eit samfunn der vi tek vare på kvarandre og som det er godt å bu og leve i og for det må vi gjere ein felles innsats. Vi må stå for omstilling og nytenking og for å få vår rettmessige del av den nasjonale pengesekken til samferdsel, infrastruktur og tenester til innbyggarane.

Eg ynskjer derfor at alle innbyggarane skal leite fram alt de har av vilje og kunnskap for å løfte oss gjennom 2021.

Står vi saman og arbeider i lag er det lite eller inkje som kan stoppe oss.

Godt Nyttår!