Trua på framtida veks

Det er vanskeleg å spå om framtida, det er dette året eit tydleg eksempel på.

Framtidstru: – Trass i at vi har fylkets nest høgste arbeidsløyse, er det på ny ei veksande framtidstru i Ulstein, skriv Knut Erik Engh i si nyårshelsing. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll 

Nyhende

Då vi gjekk inn i 2020 var det med ein gryande optimisme. Ting såg rett og slett litt lysare ut enn på lenge. Arbeidsløysa var på full fart nedover og nærma seg snittet for fylket og landet. Industrien melde om auka ordreinngang og verfta våre begynte å få grep på bygging av skip som det var stor etterspørsel etter. Over natta vart alt endra – korona-pandemien trefte oss hardt og brutalt. Ikkje i form av mange smitta, sjuke og døde, sjølv om vi fekk vår dose av smitta. Heller ikkje i form av portforbod og ekstra strenge tiltak slik som mange andre stadar fekk oppleve. Vi fekk først og fremst merke dette i form av ordresvikt og storstilte permitteringar i industrien. Ikkje uvant, men denne gongen vart det ekstra tungt å svelge sidan vi endeleg var på veg opp etter mange år med nedtur.

No er det på ny ei veksande framtidstru, trass i at vi framleis har fylkets nest høgste arbeidsløyse. Og det er ikkje utan grunn. Snart startar vaksineringa mot Covid-19 og det vil føre samfunnet gradvis tilbake til ein normaltilstand, og vi kan på nytt leve litt friare. Mange av oss kjenner nok lengselen etter syden-varmen og fotballturar til England saman med gode vener frå fjern og nær. Vi vil etter kvart samlast fleire på konsertar, i kyrkja og i store bryllup. Kanskje viktigast av alt, så vil vi kunne besøke våre gamle foreldre og besteforeldre utan å vere redde for å smitte dei, og gi kvarandre gode klemmar med godt samvit. Det skal bli herleg!

Når ein ser tilbake på dette annleisåret, så har vi likevel klart oss bra trass alt. Dei aller fleste av oss har gått på jobb og skule som vanleg dersom ein ser vekk frå månadane på vårparten. Vi har hatt litt færre fritidsaktivitetar – nokre har sakna det, medan andre har synest det har vore godt. Vi har blitt betre kjent med landet vi bur i sidan alle ferierte innanlands i år. Det førte også mange nordmenn hit til oss – la oss håpe at dei likte det dei fekk oppleve og kjem tilbake seinare. Vi har blitt flinkare til å handle i nærområdet vårt, noko som er eit kjærkome bidrag til handelsstanden som i årevis har slite i motbakke. Eg trur til og med at vi har blitt sprekare, i alle fall ut frå kva varer som har blitt omsett. Fjell og fritidsutstyr har gått unna som sushi på Snorrebuda.

Eg har lyst til å takke alle dei som har lagt ned ein stor ekstrainnsats i året som har gått. Spesielt veit vi at presset på helse- og omsorgsarbeidarar og lærarar har vore ekstra tøft i år. Det har også alle dei som har handtert utanlandske gjestearbeidarar kjent på. Til dokke vil eg seie at eg er stolt over innsatsen, klokskapen og uthaldenheita dokke har vist. Dokke har verkeleg gjort ein forskjell og fortener eit klapp på skuldra og ein fredfull og god juleferie.

Det er vanskeleg å spå om framtida, men det er absolutt lov å vere positiv og håpefull. Eg trur i alle fall at 2021 vert eit betre år enn 2020, sjølv om det heilt sikkert vil by på mange utfordringar som må løysast også. Eg ønskjer alle eit innhaldsrikt og godt nytt år!