Kompensasjonsordninga for næringslivet blir utvida ut april

Regjeringa utvidar kompensasjonsordninga for næringslivet med to månader. Støttenivået blir på 80 prosent, det same som i januar og februar.

Statsminister Erna Solberg (H) og resten av regjeringa forlenger kompensasjonsordninga for næringslivet.   Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Nyhende

– Det er framleis veldig uvisst korleis smittesituasjonen og smitteverntiltaka blir utover våren. For å gi auka tryggleik og føreseielegheit for næringslivet, forlengjer vi kompensasjonsordninga for månadene mars og april, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.