Vinnaren av julekonkurransen:

– Det var nauta mange løer

Vinnarane av den årlege julekonkurransen «Kvar i Hareid og Ulstein» er kåra.

Vinnarane er kåra: Om det er den lange juleferien, smittevern og sosial distanse eller andre årsaker som ligg til grunn er uvisst, men deltakinga i den årlege julekonkurransen "Kvar i Hareid og Ulstein" var denne gongen betre enn på fleire år. 

Nyhende

– Nei, dette var heilt utruleg, seier ei overraska Gerd Gaasø då ringer henne for å fortelje henne at ho er trekt som ein av vinnarane av bildekonkurransen «Kvar i Hareid og Ulstein». Ho fortel at ho har prøvd seg litt på konkurransen kvart år, men at det er første gongen ho har greidd alle oppgåvene.