Industrikjempa Vidar Moldskred pensjonerer seg – blir mellom anna «gardsdreng» hos barnebarnet:

– Eg ser fram til pensjonistlivet

I midten av januar har Vidar Moldskred (70) sin siste arbeidsdag i Ulstein Entreprenør AS, eit dotterselskap av Ulstein Betongindustri – som han også var leiar for gjennom ei årrekkje. Med det er han ute av den operasjonelle drifta i det Haddal-baserte familiekonsernet.

Pensjonerer seg: Etter å ha jobba i familieverksemda sidan han var 15 år gammal – minus nokre år på skule, i militæret og i Ulstein kommune – blir det litt Vidar Moldskred må rydde ut av kontoret.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sidan han var 15 år gammal – minus eitt år på folkehøgskule, eitt år i militæret og tre år i kommunen – har Vidar jobba for familieverksemda.