Satsar vidare på sushi – men også meir på lokale råvarer, med ein ny vri:

– Snorrebuda skal vere staden å besøke i Ulsteinvik

Snorrebuda Mat og Vinhus opnar dørene igjen fredag, med ny kokk på plass, reduserte opningstider og meny. Men, med ei klarare satsing på lokale råvarer i kombinasjon med internasjonale smakar.

Internasjonal erfaring: Den nyaste kokken, Su Tius frå Tyrkia (t.v.), sushiansvarleg Arek Chorek frå Polen og kjøkkensjef Michael Leonhard frå Danmark utgjer laget som skal bringe fram nye og kjende smakar, med ein ny vri. Dei vil også vidareutvikle den populære sushien til Snorrebuda Mat og Vinhus.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Tyrkiske Su Tius hadde sin andre arbeidsdag som kokk på Snorrebuda Mat og Vinhus då Vikebladet Vestposten var innom den ikoniske sjøbua i Ulsteinvik sentrum torsdag formiddag. Su, Arek Tchorek frå Polen – som har ansvar for sushiavdelinga – og kjøkkensjef Michael Leonhard frå Danmark – utgjer Snorrebuda sitt internasjonale kokketeam, og ønsker å introdusere befolkninga i regionen for nye, spanande smakar – men også kjende smakar, med ein vri.